Program for berekraftig by- og tettstadutvikling held fram med å tilby kompetanseheving og erfaringsdeling om by- og tettstadutvikling til kommunane i Møre og Romsdal. Frukost-webinar blir arrangert tre gonger i halvåret, og har hatt god deltaking frå kommunar, sentrumsforeiningar og andre som er interessert i å lære meir om by- og tettstadutvikling. Hausten 2024 har vi følgjande tema:
3. september kl. 09:00 – 10:00 : Korleis jobbar ei sentrumsforening?
Innlegg frå Norsk sentrumsutvikling ved adm.dir. Kristin Gustavsen.
Eit godt samarbeid mellom kommune og private aktørar er utfordrande, men avgjerande for å lukkast i utvikling av eit levande og aktivt sentrum. I eit sentrum er det som regel eit mangfald av aktørar og interessar med ulike behov og omsyn som skal ivaretakast. Kommunen har ulike rollar som samfunnsutviklar og mynde på ulike områder og dei private aktørane er både grunn- og gårdeigarar, butikkdrivarar og leietakarar. For å kunne lykkes med samarbeid på tvers av offentleg-privat sektor, er det eit behov for at dei private aktørane klarer å samarbeide seg imellom. I dette webinaret vil vi få høyre om erfaringar frå ulike sentrumsforeiningar. Korleis ein kan arbeide for fellesskapet i sentrum, samarbeide med kommunen og få til ein stabil drift av sentrumsarbeidet?
Påmeldingsfrist: 29.august
3. oktober kl. 09:00 -10:00: Riksantikvaren sin bystrategi
Innlegg frå Riksantikvaren. Innleiar kjem seinare.
Kulturarven gir verdifull kunnskap om korleis byar og stader har utvikla seg. Riksantikvaren sin bystrategi er eit verktøy for by- og stadsutvikling og eit fagleg policydokument for kulturmiljøforvaltninga i fylkeskommunen og kommunar. Strategien er og eit nyttig verktøy for konsulentar som arbeider med plan- og byggesaker. I dette webinaret vil vi få høyre meir om bystrategien med gode døme på korleis kulturarven kan nyttast og kva for råd Riksantikvaren gir for god by og stadutvikling.
Påmeldingsfrist: 30. september.
3. desember : God arkitektur og gode bumiljø – kva må til?
Norsk Arkitekturtriennale v/Christian Pagh.
Christian Pagh er dansk og har en mastergrad i moderne kultur og filosofi frå Københavns Universitet og Paris VIII. Han har leia fleire prosjekt innan byplanlegging, både som partner i designbyrået Urgent Agency og i offentleg sektor. Dei siste tre åra har han vore leiar av Norsk arkitekturtriennale som blant anna har sett nabolaget på dagsorden. Christian er kjent som samfunnsdebattant og som kritikar av mange byggeprosjekt i hovudstaden som han meiner ikkje bidreg positivt til eit bymiljø for menneske. Han er ikkje berre opptatt av å kritisere men å argumentere for konkrete grep som alle nye bustadprosjekt bør ta fatt i; betre fellesrom som bygger gode nabolag. I dette webinaret vil han fortelje om kva som må til for å skape gode nabolag og bustadar.
Påmeldingsfrist: 28.november.
Tysdag 12.november kl. 10:00-15:00 Del&Lær, Alexandra hotell, Molde
Nettverkssamling by- og tettstadutvikling – for og med kommunar i Møre og Romsdal.
På dette seminaret legg vi opp til deling av kunnskap og erfaringar. På agendaen står innlegg frå fleire kommunar i fylket som arbeider med ulike tema og prosjekt innan by- og stadutvikling. Vi legg opp til samtale og diskusjon der innleiarane stiller som bordvertar. Arrangementet er gratis for kommunane.
Program kjem seinare.
Påmeldingsfrist: 1. november.