Folkehelseundersøkinga blei gjennomført i februar 2021, og omlag 25 000 innbyggarar svarte på undersøkinga. Deltakarane blei mellom anna spurt om tilgjenge til tenester, fysisk og psykisk helse, helserelatert åtferd, sosialt miljø og livskvalitet.
Nokre hovudfunn frå rapporten
- 72 prosent opplever si eiga helse som god eller svært god
- 74 prosent trivast i stor grad i nærmiljøet
- 82 prosent av dei som svarte på undersøkinga er fornøgd med livet
- 87 prosent opplever å ha middels eller høg sosial støtte
I underkant av tre fjerdedelar opplever si eiga helse som god eller svært god, og enda fleire trivs godt eller svært godt i nærmiljøet. Det er tydeleg at dei fleste er fornøgde og har det bra, men det er tydelege skiljeliner knytt til alder og utdanning.
Dei eldre har ein tendens til å være meir fornøgd enn dei yngre, og det same gjeld for dei med lang utdanning i høve til dei med kort utdanning. Særleg kvinner i den yngste aldersgruppa skårar høgt på psykiske plager. Einsemda går ned med alderen, men flatar ut frå 60-års alderen.
Kvinner kjem betre ut enn menn når det gjeld kosthald, fysisk aktivitet og fedme. Det er også ein høgare prosentdel blant kvinner som rapporterte at dei har godt tilgjenge til kulturtilbod.
Dei største forskjellane over regionane er å finne på tilgjenge til servicetilbod og fasilitetar. Søre Sunnmøre kjem dårlegast ut på opplevd tilgjenge til offentleg transport og Nordre Sunnmøre på opplevd tilgjenge gang- og sykkelvegar.
Svara er analysert på tvers av kjønn, alder, utdanning og region og gir eit første og nokså beskrivande bilde av det som ligg av informasjon i dette datamaterialet. Det er også eit mål å stimulere til vidare bruk av data i regionale forskingsmiljø.
Vil du lese meir?
Du kan lese rapporten om framgangsmåte og utvalde resultat frå undersøkinga på FHI sine nettsider.
Følg denne lenka for å sjå matriser og kommunetabeller i Excel frå folkehelseundersøkinga frå 2021 (XLSX, 285 kB)
Følg denne lenka for å sjå alle spørsmål og svar i Excel frå folkehelseundersøkinga frå 2021 (XLSX, 1010 kB)
Presentasjon av resultat frå folkehelseundersøkinga (opptak)