Nettverka er ein fagleg arena for
- å dele erfaringar med planarbeid og innspel til plansaker.
- å formidle gode eksempel og kjende utfordringar.
- opplæring og rettleiing
Kvart nettverk har årlege samlingar, der kommunane vekslar på vertskapet. Fylkeskommunen koordinerer plannettverka og leier nettverkssamlingane. Vi samarbeider med Statsforvaltaren om gjennomføring av samlingane.
Fylkeskommunen og Statsforvaltaren stiller med fagkompetanse og foredragshaldarar. Kommunar, fylkeskommunen og andre regionale etatar som har interesser i kommuneplanlegging kan spele inn kva tema dei ønsker for samlingane.
I tillegg til plannettverkssamlingane tilbyr vi ulike webinar med ulike tema gjennom heile året. Invitasjon til webinara vert lagt ut på kalenderen på nettsida.
Ta kontakt med fylkeskommunen om du ønsker å komme på adresselista.
Kva nettverk høyrer din kommune til?
Aure, Averøy, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll
Aukra, Hustadvika, Gjemnes, Molde, Rauma og Vestnes.
Giske, Hareid, Herøy, Fjord, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta og Ålesund