Kvar månad arrangerer vi regionalt planforum for kommunar og regionale etatar.
Planforumet skal drøfte konkrete plansaker, utveksle informasjon og avklare konkrete spørsmål og sektorinteresser. Det skal også bidra til at vi samordnar ulike interesser og syn, raskare får avklart ulike problemstillingar og oppnår meir samstemt praksis i plansaker. Regionalt planforum skal styrke planlegginga generelt og førebygge konflikter.
Alle kommuneplanar som skal rullerast bør leggast fram i regionalt planforum. Også kommunale planstrategiar, interkommunale planar, enkelte kommunedelplanar og større reguleringsplanar vil vere aktuelle å ta opp. Det same gjeld regionale planstrategiar, regionale planar, regionale planbestemmingar og andre saker av overordna prinsipiell karakter.
Vi ønsker at kommuneplanar og regionale planar skal bli drøfta to gonger, både før planprogrammet blir fastsett og før offentleg ettersyn.
Planstrategi
Planprogram (eventuelt i kombinasjon med planstrategi) og planforslag
- Regional plan
- Regionale delplanar (men ikkje årlege handlingsplanar)
- Regional planbestemming
- Interkommunale planar
- Kommuneplan - samfunnsdel
- Kommuneplan - arealdel
- Kommunedelplanar for større prosjekt, større areal eller viktige samfunnsområde
- Reguleringsplanar med innhald av regional interesse
- Reguleringsplan som vedkjem mange sektorinteresser
- Større energisaker
Andre planfaglege problemstillingar
- Prinsipielle planfaglege problemstillingar knytt til tolking av lov og forskrift, forholdet til nasjonale
- planbestemmingar og retningsliner, nasjonale høyringssaker
Planforumet blir arrangert på fylkeshuset i Molde.
Kommunar og regionale etatar som ønsker å ta opp saker må melde desse inn for fylkeskommunen seinast 14 dagar før møtet. Du må sende inn relevante saksdokument på e-post seinast sju dagar før møtet. Vi distribuerer vidare og kallar inn til møte.