Vi skal sikre at regionale interesser blir tatt vare på i kommunal planlegging. Når vi vurderer og gir tilbakemelding på planar, ser vi om desse er i tråd med Fylkesplan for Møre og Romsdal 2020-2024, Regional planstrategi og dei ulike regionale delplanane, fylkesstrategiane, ulike særlover og føringar frå Storting og regjering. Vi ser også etter om kommunane set seg sjølve inn i ein regional samanheng og vi peikar på nytten i samarbeid med andre kommunar.
Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i 2023 “Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader 2023-2026". Fylkesstrategien har retningsliner som seier at lokalisering av publikumsretta sentrumsfunksjonar som hovudregel skal skje i sentrumsområda og nært kollektivknutepunkt. Etablering av handel utanfor sentrumsområda bør derfor ikkje skje utan at det er klargjort kva konsekvensar det kan få for sentrumsområda. Slike utgreiingar er ofte omtalt som «handelsanalysar» og er meint å sikre tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for dei som skal ta avgjerd i slike saker. Under finn du ein rettleiar for utarbeiding av handelsanalyse.
Rettleiar for utarbeiding av handelsanalyse (PDF, 2 MB)