Regionale planar er retningsgivande for kommunal og statleg planlegging og verksemd. Den regionale planlegginga skal også tilpassast nasjonal politikk, desse er konkretisert i det fireårige dokumentet Nasjonale forventnigar til regional og kommunal planlegging. Det er mellom anna forventa at den regionale planlegginga bygger på FNs 17 berekraftsmål.
Den regionale planlegginga skal vareta det regionale perspektivet og sjå utover kommunegrensene, sektorane og forvaltningsnivåa. Regional planstrategi (RPS) og fylkesplanen skal fremme heilskapleg regional utvikling. Det inneber å få fram og samordne ulike behov, interesser og verkemiddel til det beste for heile fylket.
Fylkeskommunen sitt plansystem blir vedtatt i regional planstrategi (RPS), som fylkestinget skal vedta kvart fjerde år. Her blir det bestemt kva regionale planar fylkeskommunen skal ha i fireårsperioden. RPS for Møre og Romsdal 2024-2028 vart vedtatt av fylkestinget 10. juni 2024.
Plansystemet har fire nivå, og heng saman heilt frå RPS og ned til handlingsprogram med resultatmål og måleindikatorar. Handlingsprogrammet er ein del av økonomiplanen. Vi har ein felles tverrsektoriell regional plan – Fylkesplan for Møre og Romsdal, som blir følgd opp av fylkesstrategiar som går meir i djupna på ulike tema og fagområde. I tillegg ligg det nokre regionale delplanar i systemet som er vidareført frå tidlegare, tre regionale planar pålagt av sentrale styresmakter, og ein FylkesROS utarbeidd av statsforvaltaren i samarbeid med fylkeskommunen.
Heile plansystemet (inkludert kunnskapsgrunnlaget) bygger på fire knaggar som tilsvarar dei tre berekraftdimensjonane + samarbeid; miljøfylket, kompetanse- og inkluderingsfylket, verdiskapingsfylket, - og samarbeidsfylket.»
Du kan lese meir om plansystemet i Framsikt