Regional planstrategiRegional planstrategi (RPS) er fylkeskommunen sitt overordna plandokument. Dokumentet peikar på dei største utfordringane og moglegheitene for fylket framover og kva planar vi må ha for å møte desse. Her gjer vi val som påverkar utviklinga i Møre og Romsdal.Dokumentet styrer saman med fylkesplanen korleis vi prioriterer ressursane våre i økonomiplan og budsjett, og skal ligge til grunn for både statleg og kommunal verksemd og planlegging i fylket. Kvar valperiode utarbeider vi ein ny regional planstrategi i samarbeid med kommunar, regionale statsetatar og organisasjonar. Planstrategien skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer, men legge vekt på lokal erfaring og kunnskap.Fylkestinget vedtar planstrategien. Regional planstrategi 2025-2028 I 2022 starta arbeidet med rullering av regional planstrategi for perioden 2025 – 2028. No ligg både ny regional planstrategi og ny fylkesplan ute på høyring med frist 17. april. Målet er endeleg politisk vedtak i fylkestinget 10. – 12. juni. Du finn dokumenta under. Planprogram 2025 - 2028 (PDF, 783 kB)Kunnskapsgrunnlag regional planstrategi (PDF, 2 MB)Regional planstrategi 2025 - 2028Fylkesplan for Møre og Romsdal 2025 - 2028 Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2021-2024 Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2021-2024