Skriftleg eksamen

Informasjon om skriftleg eksamen for elevar i vidaregåande skole i Møre og Romsdal.

Praktisk gjennomføring

Praktisk gjennomføring av eksamen kan variere litt fra skole til skole. Les alltid informasjon frå skolen din, i tillegg til det som står på denne sida (mrfylke.no).

Sjekk datamaskin og programvare

Før eksamen må du sørge for at datamaskina fungerer som den skal, og at all nødvendig programvare er oppdatert.

Førebuingsdag

Nokre fag har førebuingsdag dagen før eksamen. Dette er ein obligatorisk skoledag der du skal forberede deg til eksamen neste dag. 

På eksamensdagen

  • Finn pulten med namnet ditt
  • Slå mobiltelefonen din heilt av og legg den der du får beskjed om. 
  • Legg fram datamaskin, skriveutstyr og alle godkjende hjelpemiddel. 

Du skal logge deg inn på https://kandidat.udir.no (uansett type eksamen). Bli sittande ved pulten og vent på informasjon frå den som set i gong eksamen. 

Heildigital eksamen

Eksamen blir publisert og levert digitalt. I norsk-faga, engelsk 1 og 2, økonomistyring og økonomi og leiing vil du også få eksamensoppgåva på papir. 

Todelt eksamen

På todelt eksamen får du utdelt oppgåva på papir, kladdeark og innføringsark. Fyll ut innføringsarket slik det blir forklart i eksamensrommet. 

  • Del 1 skal leverast når eksamenstida for del 1 er slutt. 
  • Du kan starte del 2 når du vil, men du får ikkje tilgang til hjelpemiddel før eksamenstida for del 2 startar
  • Du kan levere del 2 på papir, digitalt eller ein kombinasjon.

Meir informasjon

Eksamenskarakter

Du finn eksamenskarakteren i Visma InSchool (VIS) under Vurderingar > Eksamen. 

Eksamenskarakteren til skriftleg eksamen blir publisert etter fellessensuren, i slutten av siste skoleveke.