Før eksamen
Sjekk datamaskin og programvare
Førebuingsdag
Nokre fag har førebuingsdag dagen før eksamen. Dette er ein obligatorisk skoledag der du skal forberede deg til eksamen neste dag.
På eksamensdagen
- Finn pulten med namnet ditt
- Slå mobiltelefonen din heilt av og legg den der du får beskjed om
- Legg fram datamaskin, skriveutstyr og alle godkjende hjelpemiddel.
- Logg inn på https://kandidat.udir.no
- Vent på beskjed frå den som set i gong eksamen.
Heildigital eksamen
- Oppgåver blir publisert og levert digitalt.
- I nokre fag får du også oppgåva på papir (norsk, engelsk 1 og 2, økonomistyring og økonomi og leiing)
Todelt eksamen
På todelt eksamen får du utdelt oppgåva på papir, kladdeark og innføringsark. Fyll ut innføringsarket slik det blir forklart i eksamensrommet.
- Del 1: papir, utan hjelpemiddel (skal leverast når eksamenstida for del 1 er slutt).
- Del 2: Du kan starte del 2 når du vil, men du får ikkje tilgang til hjelpemiddel før eksamenstida for del 2 startar.
- Du kan levere del 2 på papir, digitalt eller ein kombinasjon.
Digitale hjelpemiddel og sikkerheit
Nettbaserte hjelpemiddel
Du vil få tilgang til ei rekke nettressursar på eksamensdagen.
Sikker nettlesar - Safe Exam Browser (SEB)
På grunn av utviklinga av KI har Udir innført Safe Exam Browser (SEB) i utvalde fag. SEB er ein nettlesar som sperrar tilgangen til lokale filer, notat og program og opnar berre for dei digitale hjelpemidla som er lov å bruke i faget.
Særskilt tilrettelegging og SEB
- Gjelder elevar som bruker Lingdys, IntoWords m.m.
- Du må søke om tilrettelegging
- Bruk koden «Unnta SEB»
- Kontakt skolen ved spørsmål
Ordbøker
- Du bør ha tilgang til offline ordbok
- Papirordbok som reserve
- Ordbøker skal ikkje kunne omsette heile setningar
- Lexin: berre for minoritetsspråklege kandidatar
Reglar for kjelder, plagiat og juks
Plagiat og kjeldebruk
Plagiat og manglande kjeldevisningar er ikkje det same som juks. Plagiat og usjølvstendig kjeldebruk kan føre til at du får lågare eksamenskarakter. Derfor er det viktig at du viser til kjelder på ein ryddig og riktig måte.
Juks og forsøk på juks
Med juks eller forsøk på juks, meiner vi handlingar eller hjelpemiddel som ikkje er lov og som har til formål å gi deg ein fordel på eksamen. Det er ikkje avgjerande om det ulovlege hjelpemiddelet faktisk er brukt, men at det har vore mogleg å bruke det. Eksempel på kva som er ulovleg:
- all form for kommunikasjon, som programvare for samskriving, publisering på internett og bruk av skytenester
- omsettingsprogram i språkfag, dette gjeld også offline versjonar
- chatrobotar eller anna KI, også offline versjonar
- kalkulator, notat, lærebøker, datamaskin på del 1 på eksamen i matematikk
- tilkopling til anna nettverk enn eksamensnettverket på skolen
- å ikkje slå av mobiltelefonen
-
Du er ansvarleg for at du ikkje har med ulovlege hjelpemiddel på eksamen.
Konsekvensar av juks
Dersom du blir tatt i juks eller forsøk på juks på eksamensdagen, har du rett til å fullføre eksamen. Konsekvensane dersom du blir tatt i juks:
- eksamen i faget blir annullert
- du mistar standpunktkarakter i faget
- du kan tidlegast ta eksamen på nytt om eitt år
Juks kan også bli oppdaga i etterkant av eksamen av sensorane som rettar svara dine.
Stikkrøver
Du kan bli plukka ut til kontroll av datamaskina di både før og etter eksamen. Du kan også bli bedt om å søke etter visse filtyper på datamaskina di.
Dersom det blir oppdaga ulovleg programvare på datamaskina di, kan det bli rekna som forsøk på juks.
Uventa hendingar under eksamen
Meld straks frå til ekesamensvakta ved:
- Teknisk feil
- Manglande nettilgang
- Problem med system
Etter eksamen
Eksamenskarakter
- Finn karakteren InSchool under Vurderingar > Eksamen
- Karakteren blir publisert etter fellessensuren, i slutten av siste skoleveke
Meir informasjon