Kva kan du få tilrettelagt?
Tilrettelegginga skal så langt det let seg gjere bli tilpassa ditt behov, men kan ikkje vere så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget.
Tilrettelegginga skal gi deg dei same moglegheitene som andre eksamenskandidatar til å få synleggjort kompetansen din på eksamen, men den skal ikkje gi deg fordelar samanlikna med andre eksamenskandidatar.
Særskilt tilrettelegging kan vere:
- ekstra tid
- mange pausar
- opplest eksamensoppgåve
- lite rom/skjerma eksamensplass
Særskilt tilrettelegging ved eksamen og SEB
Har du rett til å bruke Lingdys, IntoWords eller anna digitalt lese- og skrivestøtteverktøy under eksamen, og skal ta eksamen i eit fag med Safe Exam Browser (SEB), så må du søke om særskilt tilrettelegging. Bruk koden “Unnta SEB”. Ta gjerne kontakt med den skolen du skal ta eksamen ved.
Søknad og dokumentasjon
Du søker om tilrettelegging i InSchool. Det er skolen som behandlar søknaden, og svaret får du i InSchool.
Du må legge legge ved ei sakkunnig uttale i søknaden. Dette kan vere legeerklæring, erklæring frå psykolog/psykiater/fastlege eller erklæring frå spesialpedagog/logoped.
Klage på vedtak
Du har rett til å klage på skolens vedtak. Klagen skal sendast til skolen. Klageinstans er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.