Frist for å klage er 10 dagar etter at den som klagar blei kjent med karakteren eller burde ha gjort seg kjent med karakteren.
Du har rett til å klage på karakteren du fekk på skriftleg eksamen.
Ved munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen kan du berre klage på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet.
Ta kontakt med eksamensskolen dersom du ønsker å klage på eksamenskarakteren.