Har du fått karakteren 1 på eksamen eller i standpunkt, eller hatt gyldig fråvær, kan du ha rett til ny eksamen.
Karakteren 1 på eksamen gir rett til ny eksamen
Dersom du får karakteren 1 på ordinær eksamen, har du rett til ny eksamen i faget. Dersom du består, beheld du standpunktkarakteren din. Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, fell standpunktkarakteren i faget bort. Eit alternativ kan vere meir opplæring eller ta faget som privatist.
Karakteren 1 i standpunkt gir rett til særskild eksamen
Dersom du har fått karakteren 1 i standpunkt i eit fag, har du rett til særskild eksamen dersom du ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.
Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, fell standpunktkarakteren i faget bort. Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen. Eit alternativ kan vere meir opplæring eller ta faget som privatist.
Gyldig fråvær på eksamen gir rett til utsett eksamen
Dersom du har dokumentert gyldig fråvær ved ordinær eksamen, særskild eller ny eksamen, har du rett til å gå opp til utsett eksamen.
Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, fell standpunktkarakteren i faget bort. Eit alternativ kan vere meir opplæring eller ta faget som privatist.
Forfall til eksamen bli rekna som gyldig når du er hindra i å stille til eksamen, når hindringa er uventa og du sjølv ikkje har skuld i hindringa. Det kan vere akutt sjukdom eller alvorlege hendingar som har oppstått til dømes i familien. Eleven eller privatisten må legge fram dokumentasjon på dette.
Dersom du bli sjuk og ikkje kan møte til eksamen, må du straks kontakte lege for å få ei legeærklæring.
Svar innan fristen
Skolen tar kontakt med elevar som har rett til ny, utsett eller særskild eksamen. Svar på henvendelsen frå skolen innan fristen.