Kva kan du få tilrettelagt?
Tilrettelegginga skal så langt det let seg gjere bli tilpassa ditt behov, men kan ikkje vere så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget.
Tilrettelegginga skal gi deg dei same moglegheitene som andre eksamenskandidatar til å få synleggjort kompetansen din på eksamen, men den skal ikkje gi deg fordelar samanlikna med andre eksamenskandidatar.
Særskilt tilrettelegging kan vere:
- ekstra tid
- mange pausar
- opplest eksamensoppgåve
- lite rom/skjerma eksamensplass
Søknad og dokumentasjon
Du søker om tilrettelegging i VIS. Det er skolen som behandlar søknaden, og svaret får du i VIS.
Du må legge legge ved ei sakkunnig uttale i søknaden. Dette kan vere legeerklæring, erklæring frå psykolog/psykiater/fastlege eller erklæring frå spesialpedagog/logoped.
Klage på vedtak
Du har rett til å klage på skolens vedtak. Klagen skal sendast til skolen. Klageinstans er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.