Informasjon om skriftleg eksamen

Her er retningslinjene om hjelpemiddel til skriftleg eksamen i Møre og Romsdal.

Juks og forsøk på juks

Kva er juks eller forsøk på juks

Med juks eller forsøk på juks, meiner vi handlingar eller hjelpemiddel som ikkje er lov og som har til formål å gi deg ein fordel på eksamen. Det er ikkje avgjerande om det ulovlege hjelpemiddelet faktisk er brukt, men at det har vore mogleg å bruke det.  

Eksempel på ulovlege handlingar eller hjelpemiddel:

  • all form for kommunikasjon, som programvare for samskriving, publisering på internett og bruk av skytenester
  • omsettingsprogram i språkfag, dette gjeld også offline versjonar
  • chattrobotar eller anna kunstig intelligens (KI/AI), dette gjeld også offline versjonar
  • kalkulator, notat, lærebøker, datamaskin på del 1 på eksamen i matematikk
  • tilkopling til anna nettverk enn eksamensnettverket på skolen
  • å ikkje slå av mobiltelefonen

Du er ansvarleg for at du ikkje har med ulovlege hjelpemiddel på eksamen. 

Stikkprøver  

Du kan bli plukka ut til kontroll av datamaskina di i samband med gjennomføring av eksamen, enten før eller etter eksamen. Du vil også bli bedt om å søke etter nokre filtyper på datamaskina di. 

Kontrollen blir gjennomført med heimel i Forskrift til opplæringslova § 3-34. Om ein ikkje deltek i stikkprøva, eller om det blir avdekka ulovlege hjelpemiddel på datamaskina under kontrollen, blir det sett på som forsøk på juks. Saka vil bli behandla etter gjeldande reglar i § 3-34.  

Dersom det blir oppdaga ulovleg programvare på datamaskina di, kan det bli rekna som forsøk på juks. 

Konsekvensane av juks eller forsøk på juks

Dersom du blir tatt i juks eller forsøk på juks på eksamensdagen, har du rett til å fullføre eksamen. Konsekvensane dersom du blir tatt i juks: 

  • eksamen i faget annullert
  • du mistar standpunktkarakter i faget
  • du kan tidlegast ta eksamen på nytt om eitt år 

Juks kan også bli oppdaga i etterkant av eksamen av sensorane som rettar svara dine.  

Plagiat og manglande kjeldevisningar

Plagiat og manglande kjeldevisningar er ikkje det same som juks. Plagiat og usjølvstendig kjeldebruk kan føre til at du får lågare eksamenskarakter. Derfor er det viktig at du viser til kjelder på ein ryddig og riktig måte. 

Nettbaserte hjelpemiddel

Du vil få tilgang til ei rekke nettressursar på eksamensdagen. Sjå oversikt over nettressursane som er opne på eksamensdagen under vårens eksamen (nasjonal og lokal liste).

Ordbøker

Du bør ha tilgang til offline ordbok som kan brukast på eksamen. Du kan også ta med din eigen papirordbok, i tilfelle du får problem med den nedlasta eller den nettbaserte ordboka.

Ordbøker som skal brukast på eksamen, skal ikkje ha moglegheit for omsetting av frasar og heile setningar. Lexin-ordbøkene i nynorsk og bokmål er eit hjelpemiddel berre for minoritetsspråklege kandidatar.

Uventa hendingar under eksamensgjennomføringa

Det kan oppstå hendingar som avviker frå det som blir forventa under eksamen. Dersom du opplever uventa hendingar, må du straks varsle ei av eksamensvaktene. Eksempel på uventa hendingar:

  • problem med gjennomføringssystemet eller eksamensnettet
  • ikkje tilgang til nettbaserte ressursar
  • teknisk problem med datamaskina