Fag og fagkodar

Fagkodar og fagnamn for privatisteksamen finn du i Privatistportalen.

Meld deg opp med rett fagkode

Alle fag/eksamenar har ein eigen fagkode. Du er sjølv ansvarleg for at du melder deg opp i rett fag i Privatistportalen. Du kan søkje opp fag ved å bruke enten fagnamn eller fagkode.

Søk på fag eller fagkode i Privatistportale (Visma)

Finn rett fagkode

Du finn informasjon om fag og fagkodar på Udir.no. 

Dersom du er i tvil om kva fagkode du skal bruke, ta kontakt med skolen du har vore elev ved tidlegare. Har du ikkje vore elev i Møre og Romsdal tidlegare, tek du kontakt med skolen du skal ha eksamen på. Sjå kontaktinformasjon til skoler som held eksamen 

Fag frå utgåande læreplanar og nye læreplanar

Vi er no i slutten av ein overgangsfase mellom to læreplanverk, LK06 og LK20:

  • LK06 er læreplanar frå 2006-2019 blir fasa heilt ut frå og med våren 2025
  • LK20 er læreplanar frå 2020 er innført for alle trinn i vidaregåande

Ver obs på at du melder opp med fagkoden som høyrer til rett læreplan.

Fag som krev fleire eksamenar

I nokre fag må du ta både ein skriftleg og ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen for å få godkjent faget.

Merk at skriftleg og munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i same fag har ulike fagkodar, og du må betale for kvar eksamen. I fag som krev fleire eksamenar, treng du ikkje ta skriftleg og munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i same eksamensperiode.

Norsk

Norsk for studiekompetanse krev tre eksamenar om du ikkje har karakterar i faget frå før: norsk hovudmål, norsk sidemål og norsk munnleg. Norsk for yrkesfag krev både skriftleg og munnleg eksamen. Norsk for språklege minoritetar krev både skriftleg og munnleg eksamen. 

Engelsk 

Engelsk fellesfag krev både skriftleg og munnleg eksamen. Engelsk programfag krev både skriftleg og munnleg eksamen om du ikkje har karakterar i faget frå før. 

Framandspråk 

Framandspråk fellesfag krev både skriftleg og munnleg eksamen. Framandspråk programfag krev både skriftleg og munnleg eksamen om du ikkje har karakterar i faget frå før. 

Realfag 

Realfag på nivå 2 krev både skriftleg og munnleg-praktisk eksamen. 

Programfag på yrkesfag 

Om du tek programfag frå yrkesfag som privatist, må du ta ein skriftleg eksamen i kvart einskild programfag, i tillegg til ein praktisk tverrfagleg eksamen. Dette gjeld både på Vg1 og Vg2-nivå.

Merk: Om du tidlegare har vore elev på yrkesfag, treng du berre å ta eksamen i dei faga du manglar.

Eksamen i framandspråk utan opplæring

Møre og Romsdal har ikkje tilgang til sensorar i alle framandspråk. Du kan likevel melde deg opp i alle framandspråk i Møre og Romsdal sin privatistportal. Vi har avtale med Vestland fylkeskommune og Amalie Skram vgs. om gjennomføring av munnleg eksamen i dei framandspråka vi ikkje kan tilby i eige fylke. 

Merk! Du må betale for reisen til eksamenslokale og eventuelt opphald sjølv.

Vi har eigne sensorar i framandspråka Ukrainsk, Polsk, Arabisk og Islandsk.  Munnleg eksamen i desse faga blir gjennomført i Ålesund og/eller Molde. 

Husk at du må melde deg opp i både skriftleg og munnleg eksamen i framandspråk for å få faget godkjend.