Sjukdom og fråver på eksamen
Om du er sjuk på eksamensdagen, ta kontakt med skolen så snart som mogleg. Dersom du kan dokumentere årsaka til fråveret, for eksempel legeerklæring, har du rett til å gå opp til ny eksamen ved neste eksamensperiode. Fristen for å sende inn dokumentasjon er vanlegvis ei veke. Oppmelding skjer automatisk, dersom du har levert legeerklæring. Du betaler ikkje ny eksamensavgift.
Utsette eksamen?
Dersom du ønskjer å vente med å ta eksamen av andre grunnar, må du sjølv melde deg opp og betale eksamensavgift på nytt.
Avmelding
Dersom du melder deg av innan oppmeldingsfristen, får du tilbakebetalt eksamensavgifta. Melder du deg av etter oppmeldingsfristen, får du ikkje tilbakebetalt eksamensavgifta.
Du kan ikkje melde deg av eksamen i Privatistportalen sjølv. Send ein e-post til eksamensskolen.