Resultat etter privatisteksamen

Informasjon om karakterar og moglegheiter for å klage på privatisteksamen.

Når er karakteren klar? 

Karakteren frå munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen får du med ein gong etter eksamen er ferdig.

Karakteren frå skriftleg eksamen er klar: 

  • Hausten 2024: 3. januar 2025
  • Våren 2025: 18. juni 2025

Kvar finn eg resultata mine?

Du finn resultata på privatistportalen under “mine eksamener”.  Ikkje alle resultat blir lagt ut samtidig, men kjem fortløpande i dagane etter fellessensur. 

Kompetansebevis og vitnemål

Dersom du treng vitnemål eller kompetansebevis kan du bestille dette her. Frist for å laste opp dokumentasjon til samordna opptak er 1. juli. Ta derfor kontakt i god tid, dersom du treng vitnemål/kompetansebevis.

Bestill vitnemål/kompetansebevis

Klage på eksamen?

Som privatist kan du klage på resultat etter skriftleg eksamen eller formelle feil ved ikkje-skriftleg eksamen

  • Fristen for å klage er 10 dagar etter at du vart kjend med karakteren, eller burde ha gjort deg kjend med den. 

Skriftleg eksamen

Dersom du meiner sensuren etter skriftleg eksamen er urimeleg, kan du klage på karakteren du fekk. Logg deg inn på privatistportalen. Under karakteren vil det kome opp ein klage-knapp. Knappen er synleg i 10 dagar.

Når du trykker på knappen, vil det komme opp ein tekstboks med vilkår for å klage på karakter på skriftlig eksamen. Når du trykker "bekreft," bekrefter du at du har akseptert vilkåra, og klagen blir sendt inn umiddelbart.

NB! Karakteren kan bli sett opp, ned eller forbli uendra. Klagenemnda si avgjersle er endeleg og kan ikkje klagast på. 

Har du ikkje mottatt svar på klagen før oppmeldingsfristen for ny privatistperiode er ute, må du likevel melde deg opp og betale ny avgift. Får du medhald i klagen, men ikkje lenger vil ta ny eksamen, melder vi deg av og refunderer eksamensavgifta.

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

Viss du meiner at det er gjort formelle feil under avviklinga av eksamen, som du meiner kan ha hatt innverknad på resultatet, kan du klage. Ta kontakt med eksamensskolen dersom du ønsker å klage på formelle feil.