Meld deg opp til eksamen

Har du behov for å forbetre karakteren i eit fag eller ta eksamen i eit fag du ikkje har frå før? Då kan du melde deg opp som privatist og ta eksamen ved ein av våre vidaregåande skolar. 

Ein privatist betyr at du på eiga hand set deg inn i fagstoffet og melder deg opp til eksamen. Som privatist får du ikkje standpunktkarakter i faget, kun eksamenskarakter.

Privatist-ordninga er meint for deg som:

  • Manglar fag frå vidaregåande opplæring for å få vitnemål
  • Ønskjer å forbetre karakterar
  • Skal ta fagbrev som praksiskandidat

Fristar for å melde seg opp til eksamen:

  • For våreksamen: frå og med 15. januar til og med 1. februar
  • For hausteksamen: frå og med 1. september til og med 15. september.

Slik melder du deg opp til eksamen:

  • Finn riktig fagkode du skal ta eksamen i. Du finn fagkode på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
  • Finn fram bankkort/kredittkort
  • Logg inn på privatistportalen
  • I portalen legg du inn ønska fag og skole. NB. Dersom du ikkje finn ønska eksamensskole i oversikta, tilbyr ikkje denne skolen dette faget, og du må velge ein annan skole.
  • Bekreft oppmelding og gå til betaling

Eksamensavgift for 2024:

1 305 kroner per eksamen for:

  • fag du ikkje har standpunkt eller eksamenskarakter i
  • fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist

2 611 kroner per eksamen for:

  • fag du alt har bestått som elev eller privatist, men ønskjer å forbetre

Merk: 

  • Du betaler eksamensavgifta når du melder deg opp til eksamen i privatistportalen, så sørg for å ha bankkort eller kredittkort klar. 
  • Innbetalt eksamensavgift blir ikkje refundert dersom du trekker deg etter at oppmeldingsfristen er gått ut.
  • Er du lærling og har gyldig lærekontrakt, skal du ikkje betale for avsluttande eksamen. Da må du registrere lærebedrifta sitt org. nummer når du melder deg opp
  • Dersom du har melde deg opp til privatisteksamen og den kolliderer med den obligatoriske eleveksamenen din på same dato, vil eleveksamenen få prioritet. Du vil då bli meldt av frå privatisteksamenen, og du har ikkje rett til å få refundert eksamensavgifta.

Kontakt

Einar Hoem
Send e-post

Tlf. : 93 49 58 73