Sjekkliste PC/Mac før eleveksamen

Dette må du gjere før eksamen for å sikre at datamaskina fungerer som den skal. 

Generelle krav for alle eksamenar

  • Sjekk at datamaskina fungerer på nettverket mrfylke-sikker.
  • Restart maskina dagen før eksamen slik at nødvendige oppdateringar blir installerte.
  • Ta med ladar/straumforsyning, og mus dersom du brukar det. På eksamen i engelsk og framandspråk må du ha headset med kabel (ikkje Bluetooth).
  • Vit korleis du lagrar filer som PDF.
  • Sjekk kva nettressursar som er lov å bruke, test at dei fungerer, og lagre lenkene.
  • Det er ikkje lov å ha chatrobotar, tekstgeneratorar eller anna KI-teknologi installert på maskina.
  • VPN er ikkje tillate og må fjernast frå datamaskina.
  • Sjå Udir si side «Støtte til teknisk oppsett av maskinen» for rettleiing om:
    • fjerning av forfattarinformasjon
    • tastaturspråk
    • stavekontroll
    • bruk av mobilkamera under eksamen

Eksamen med sikker nettlesar (Safe Exam Browser - SEB)

  • Du må bruke PC med Windows eller Mac. SEB fungerer ikkje på Chromebook eller nettbrett.
  • Det er ikkje mogleg å låne PC av skolen. Kontakt IT på skolen dersom du er usikker på om maskina di oppfyller krava.
  • Installer SEB frå: kandidat.udir.no/sebguide. Test at du har rett versjon og at programmet fungerer.
  • Dersom du brukar Mac, må du aktivere menylinja (Menu Bar). Du treng denne for å bytte tastatur inne i SEB.

Ekseamen utan sikker nettlesar

Vi anbefaler at du brukar PC med Windows eller Mac. Chromebook og nettbrett kan ha problem med oppkopling til nett og innlevering.  Kontakt IT på skolen dersom du er usikker på om maskina di oppfyller krava. 

  • Microsoft 365: du må ha installert programma lokalt på datamaskina. Online versjonar fungerer ikkje. Sjekk at 
    • Ordliste og stavekontroll i Word fungerer.
    • OneNote er fullt synkronisert på PC-en.
    • OneDrive er synkronisert, og at du kan lagre filer lokalt på maskina.
  • Last ned ordboka slik at den fungerer offline. Ordbok er alltid lov å bruke på eksamen. 
  • Test at alle nødvendige program fungerer utan internett. Test med å skru av wifi på maskina di.