Sjekkliste PC/Mac før eksamen
Sjekkliste/informasjon til elevar og privatistar i forkant av eksamen, om bruk av datamaskin (PC eller Mac). Vi presiserer at Chromebook eller nettbrett ikkje bør brukast på eksamen.
Dette må du vite eller gjere før eksamen:
- Sjekk at datamaskina (PC eller Mac) fungerer på nettverket mrfylke-sikker (gjeld kun elevar, privatistar får ikkje sjekka dette).
- Husk å ta ein restart av maskina på eksamensdagen. Du bør også ta ein restart av maskina dagen før eksamen, for å gjennomføre oppdateringar.
- Du må ta med ladar/strømforsyning og mus viss du brukar det. På eksamen i engelsk og framandspråk treng du headset utan bluetooth.
- Microsoft 365: du må ha installert programma lokalt på datamaskina (online versjonar fungerer ikkje). Test at:
- Ordliste og korrekturverktøy for Word fungerer
- Sidene i OneNote er synkronisert på PC-en
- OneDrive er synkronisert til PC-en, og at du kan lagre lokalt til datamaskina di
- Du må laste ned ordboka til maskina, slik at du kan bruke offline-versjonen på eksamen. Ordbok er alltid tillatt som hjelpemiddel.
- Sjekk at lagre/skrive til pdf fungerer, det gjelder særlig Mac, men også PC.
- Husk at alle program må kunne brukast offline (test med å skru av wifi på maskina di).
- Du bør gå inn på kandidat.udir.no og lese informasjonen om eksamensfaga dine.
- Du må kjenne til kva for nettressursar du kan bruke på eksamen, teste at dei fungerer, og lagre lenkene.
- Du skal ha fått god informasjon av skolen om kva som blir rekna som juks, forsøk på juks, konsekvensar av juks, og at det vil bli tatt stikkprøver for å avdekke dette.
- Det er ikkje lov å ha chatrobot eller KI installert på maskina du brukar på eksamen. VPN er heller ikkje lov og må fjernast frå maskina.
- Sjå også nettsida “støtte til teknisk oppsett av maskinen” (udir.no) om korleis du fjerner forfattarinformasjon, setter tastaturspråk, stavekontroll og bruk av mobilkamera under eksamen