Driftsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning blir vedtatt i statsbudsjettet kvart år, og blir bevilga over Kunnskapsdepartementet (KD) sitt budsjett. Midlane blir fordelt vidare til fylkeskommunane som har ansvaret for å forvalte tilskotet i tråd med Retningslinjer for tilskot til drift av fagskolar, fastsett av Kunnskapsdepartementet.
Fylkeskommunen skal sikre at det gis tilbod om høgare yrkesfagleg utdanning i tråd med behov for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt, jamfør lov om høgare yrkesfagleg utdanning (fagskoleloven) §3.
Fylkeskommunen skal fordele tilskotet til private og offentlege fagskolar i eige fylke i tråd med gitte retningslinjer frå KD. Tilskotet kan tildelast fagskolar med studiestad eller samlingar i fylket, og til fagskolar med nettbaserte tilbod som har kontoradresse i fylket etter søknad.
Kunnskapsdepartementet har fastsett fire mål for tilskotsordninga:
- Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning
- Relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarar på kompetansebehova i arbeidslivet
- God tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet
- Effektiv og veldrevet fagskolesektor
Fylkeskommunane vedtek sjølv kva prinsipp som skal leggast til grunn for fordelinga av tilskotet. Fylkeskommunane skal sjå utdanningstilboda i samanheng på tvers av fylka, og ivareta fagskolar som har opptaksgrunnlag nasjonalt eller i fleire fylke.
Opplysningane som fagskolane sender fylkeskommunen i samband med søknad om tilskot til drift, blir delt med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og vil inngå i arbeidet med utvikling og dimensjonering av sektoren.