Søk videregåande opplæringInformasjon til elev som skal søke vidaregåande opplæringSøk skoleplass (vigo.no)Har du ikkje bestemt deg, så finn du meir info her (vilbli.no)Viss du er nysgjerrig på karakterstatistikk og poenggrenser ("snitt"), sjekk denne sida. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. For bedre kvalitet på filmen: trykk på tannhjulet oppe til høgre og vel Kvalitet. Du kan også skru av teksting, dersom teksten kjem dobbelt. Sjå filmen på bokmål Søknadsfristar1. mars - ordinært inntak1. februar - fortrinn eller individuell behandlingVedleggsskjemaSkal du søke fortrinn eller individuell behandling, skal rådgivar ved skolen hjelpe deg å søke. Viss du kun skal melde om tilretteleggingsbehov, kan du søke og sende melding sjølv. Skjema blir tilgjengeleg etter haustferienOfte stilte spørsmål Kan eg endre søknaden etter fristen?Du kan ikkje endre søknaden etter fristen utan tungtvegande medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar. Desse må dokumenterast. Send søknad med dokumentasjon til Møre og Romsdal fylkeskommune, Kompetanse- og næringsavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde. Du kan sende inn via eDialog. Kva skjer om eg er på ferie når skoletilbodet kjem? Registrer førehandssvar når du søker i Vigo, så kan du sjå kvar du har fått tilbod om skoleplass/ ventelisteplass når du er tilbake.Om du legg inn førehandssvar, så svarer du ja både til skoleplass og til å stå på venteliste til alle høgare ønske. Når du har lagt inn førehandssvar kan du likevel endre svaret ditt fram til svarfristen. Om du ikkje har registrert førehandssvar, må du logge inn på Vigo og svare innan svarfristen. Kva skjer om eg ikkje får tilbod om skoleplass? Inntaket skjer i to omgangar. Det første i starten av juli, det andre i slutten av juli.Alle søkarar med ungdomsrett skal få tilbod om skoleplass før skolestart. Når andre gongs inntak blir gjort, vil plassane som nokon har takka nei til bli frigjort og tildelt dei som står på ventelistene. Du er ikkje garantert plass ved skolane du har sett opp på søknaden, men du har rett til skoleplass på 1 av 3 utdanningsprogram på Vg1, eller noko som du er kvalifisert til på Vg2 eller Vg3. Det kan hende at dette blir på ein annan skole enn dei du har søkt til.Eg kan ikkje møte opp første skoledag Viss du ikkje kan møte opp første skole, må du ta direkte kontakt med skolen der du har fått plass. Sørg for å få ein bekreftelse frå skolen, for å vere sikker på at du ikkje mistar plassen.Kan eg bytte skoleplass etter skolestart? Dersom skolen har ledig plass og ikkje har nokon igjen på ventelistene, er det opp til skolen å avgjere om dei kan ta inn ein elev som ønsker å bytte skoleplass etter skolestart. Skolen må vurdere om eleven er kvalifisert til å starte på det dei ønsker før dei eventuelt tek inn ein ny elev. Har du spørsmål om inntak ta kontakt med fylkeskommunen v/Kompetanse og næringsavdelinga seksjon Inntak på e-post inntak@mrfylke.no eller telefon 71280150.