Karriererettleiing for vaksne

Ønsker du nokon å snakke med om jobb eller utdanning? Vi tilbyr gratis karriererettleiing til vaksne over 19 år. 

Korleis foregår det?

Karriererettleiing er ein samtale mellom deg og ein karriererettleiar. Samtalen er konfidensiell og fortruleg.

Tema i samtalen kan vere

  • interesseutforsking og kompetansekartlegging
  • utdanningstilbod og moglegheiter for arbeid
  • private og offentlege kurstilbod som er aktuelle for deg
  • rettleiing om CV, jobbsøknad og jobbintervju

Bestill time

Dette bør du tenke gjennom før samtalen

  • Kva er den viktigaste grunnen til at du vil ha karriererettleiing?
  • Kva ønsker du spesielt å få hjelp til?
  • Korleis ser ønska dine for framtida ut?
  • Kva for andre moglegheiter har du tenkt på?
  • Kva trur du skal til for at du skal kunne oppnå det du ønsker? 
  • Kva er dei største utfordringane dine i med omsyn til framtidig jobbsituasjon slik du ser det?
  • Korleis vil du beskrive deg sjølv som person?
  • Kva opplever du er viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass?
  • Kva likar du godt å gjere når du jobbar eller når du har fri?
  • Når har du følt trivsel og meistring i skole- eller yrkessamanheng?