Kva er karriererettleiing?

Ønsker du nokon å snakke med om jobb eller utdanning? Vi tilbyr gratis karriererettleiing til vaksne over 19 år. 

Korleis foreår det?

Karriererettleiing er ein samtale mellom deg og ein rådgivar, der målet er å finne ut kva du vil, kan og kva moglegheiter du har for jobb eller kompetanseheving. Samtalen er konfidensiell og fortruleg.

Vi vil gå gjennom

  • kartlegging av interessene dine
  • utdanningstilbod og moglegheiter for arbeid
  • private og offentlege kurstilbod som er aktuelle for deg
  • råd til korleis du skriv ein CV eller ein jobbsøknad
  • Råd til jobbintervju

Dette bør du tenke gjennom før samtalen

  • Kva er den viktigaste grunnen til at du vil ha karriererettleiing?
  • Kva ønsker du spesielt å få hjelp til?
  • Korleis ser ønska dine for framtida ut?
  • Kva for andre moglegheiter har du tenkt på?
  • Kva trur du skal til for at du skal kunne oppnå det du ønsker? 
  • Kva er dei største utfordringane dine i med omsyn til framtidig  jobbsituasjon slik du ser det?
  • Korleis vil du beskrive deg sjølv som person?
  • Kva opplever du er viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass?
  • Kva likar du godt å gjere når du jobbar og/eller når du har fri?
  • Når har du følt trivsel og meistring i skule- eller yrkessamanheng?