1. Ordninga med elev- og lærlingombod
Elev- og lærlingombodet er ombod for elevar, lærlingar og lærekandidatar * (heretter omtala som lærlingar) i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Elev- og lærlingombodet er fyrst og fremst eit lågterskeltilbod som elevar, lærlingar og føresette lett skal kunne komme i kontakt med. Ombodet skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag. Ombodet skal arbeide for at elevar og lærlingar får oppfylt rettane sine og vere ein pådrivar for at skoleeigar, opplæringsinstitusjonar og lærebedrifter følgjer gjeldande regelverk og retningsliner.
Elev- og lærlingombodet
- er mobbeombod for elevar og lærlingari vidaregåande opplæring
- har møte- og talerett i yrkesopplæringsnemnda og utdannings- og kompetanseutvalet
- er ein høyringsinstans for fylkeskommunen i saker som angår elevar og lærlingar sine rettar og plikter
- kan på eige initiativ uttale seg om og fremme konkrete og prinsipielle saker
- har teieplikt, og saker frå elevar og lærlingar blir ikkje tatt vidare utan samtykke.
Kompetanse-og næringsavdelinga skal bidra til at ombodet har god kjennskap til dei fylkeskommunale systema innanfor vidaregåande opplæring, og at ombodet blir oppdatert på endringar i ordningar som er knytt til elevar og lærlingar sine rettar.
Administrasjonen skal utlevere informasjon ombodet treng for å kunne ta stilling til ei sak. Ber ombodet om informasjon som er unnateke offentlegheit, skal ombodet hente inn skriftleg samtykke frå eleven eller lærlingen. Skoleeigar og seksjon for opplæring i bedrift skal gje elevar og lærlingar informasjon om ordninga med elev- og lærlingombod.
2. Organisering
Ombodet er administrativt plassert saman med kontrollsekretariatet og mobbeombodet for barnehage og grunnskole. Dette for å vareta rolla som ei uavhengig teneste.
3. Målgruppe
Elev- og lærlingombodet er ombod for alle elevar og lærlingar innanfor det fylkeskommunale opplæringstilbodet.
Elev- og lærlingombodet er ombod for elevar ved private vidaregåande skolar i fylket.
4. Arbeidsoppgåver
Elev- og lærlingombodet arbeider både på individ-, system-og samfunnsnivå.
Støtte og rettleiing
- Ombodet skal svare på spørsmål, støtte og gi rettleiing om korleis elevar og lærlingar sjølv kan påverke og løyse problem og utfordringar dei møter i læresituasjonen.
- Ombodet kan ved behov hjelpe elevar eller lærlingar om dei ønskjer det, til dømes bli med på møte, vere ein brubyggarmellom partane og bidra til løysing.
- Ombodet kan be om informasjon frå administrasjonen og skolane om korleis lov, forskrift og fylkeskommunale eller interne retningsliner blir tolka, handheva og praktisert i skole, i opplæringsinstitusjonar og på administrativt nivå i fylkeskommunen.
Informasjonsarbeid og erfaringsdeling
- Ombodet skal synleggjere og informere om ordninga med elev- og lærlingombod, og ha spesielt fokus på rettar og plikter knytt til opplæringa
- Ombodet skal vere ein informasjonsressurs for elevar, lærlingar, føresette, skuleleiing, lærebedrifter og andre som har behov for, eller ønskjer informasjon og hjelp når det gjeld vidaregåande opplæring.
- Ombodet skal drive erfaringsdeling og kommunikasjons- og informasjonsverksemd gjennom foredrag, informasjonsmøte, møte med relevante samarbeidspartar,sosiale medium og eigen nettstad. Dette skal vere eit supplement til informasjonen og oppfølginga skuleeigar har ansvaret for etter lov og forskrift.
Samarbeid
- Ombodet skal ha ein systematisk og kontinuerleg dialog med administrasjon og politisk leiing i fylkeskommunen, med faste møtepunkt fleire gongar i året.
- Ombodet skal samarbeide med ulike organ for medverknad for ungdom i fylket, som Ungdomspanelet og Elevorganisasjonen.
- Ombodet skal samarbeide med aktørar som arbeider med ungdom i fylket og nasjonalt.
- Ombodet skal samarbeide med mobbeombodet for barnehage og grunnskole.
- Ombodet skal delta i nettverk som er formålstenleg for fagfeltet og oppgåvene som skal utførast.
Arbeid på samfunnsnivå
- Ombodet skal vere synleg i samfunnsdebatten om tema som er relevant i arbeidet.
- Ombodet skal delta i det nasjonale nettverket for elev-, lærling- og mobbeombod i Noreg.
5. Rapportering
Elev- og lærlingombodet skal årleg rapportere til fylkestinget om arbeidet ombodet gjer og kva utfordringar elevar og lærlingar i Møre og Romsdal opplever. Ombodet rapporterer etter skoleår, og legg fram rapporten første fylkestinget etter sommaren. Årsrapporten til elev- og lærlingombodet skal bli politisk behandla og vedteke av fylkestinget. Ombodet kan utarbeide statusmeldingar til fylkestinget utanom årsrapporten.