Mandat for mobbeombod

Nasjonalt mandat for mobbeombodsordninga.

  • Mobbeombodet skal sørgje for å rettleie barn, elevar og foreldre slik at desse får varetatt rettane sine til
    eit trygt og godt psykososialt miljø i barnehage og grunnskole.
  • Mobbeombodet skal i samarbeid med elev- og lærlingombodet i sitt fylke, bidra til at elever og lærlingar
    får varetatt rettane sine til eit godt psykososialt miljø i vidaregåande opplæring.

Dette skal gjerast gjennom følgande oppgåver:

  • Støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø
  • Jobbe førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre
  • Skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handtert
  • Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt
  • Støtte elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø