Mobbeombodet er eit lågterskeltilbod det er enkelt å kome i kontakt med.
Mobbeombodet skal støtte og rettleie barn og foreldre i vanskelege situasjonar knytt til utrygt barnehagemiljø.
Mobbeombodet jobbar også førebyggande og bidreg gjerne med informasjon, kurs og foredrag på ulike område. All hjelp frå mobbeombodet er gratis, og mobbeombodet har teieplikt. Du kan vere anonym når du tek kontakt.
Hovudoppgåver for mobbeombodet i Møre og Romsdal:
- Gi støtte, råd og rettleiing til foreldre med barn i barnehage og grunnskule
- Hjelpe og støtte barn og elevar i barnehage og grunnskule i enkeltsaker og sjå til at rettane deira blir varetekne
- Skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handtert.
- Arbeide førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar, foreldre og andre
- Samarbeide med sentrale aktørar i arbeidet for trygge og gode barnehage- og skulemiljø
- Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt
I barnehagen
Barnehagen skal møte barna sine behov for omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning og sikre at barna får ta del i og medverke i fellesskapet. Barnehagen skal fremje vennskap og fellesskap.
Mobbing i barnehagen kan skje på mange måtar. Det kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje føler at det høyrer til eller er ein viktig del av fellesskapet. Små barn kan dytte, bite og slå. Dette er ein del av utviklinga til barn og er ikkje nødvendigvis mobbing. Men dersom barnet ditt gong på gong blir plaga eller erta, bør du ta opp dette med barnehagen.
Personalet skal:
- forebygge, stoppe og følgje opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster
- bidra til at alle kan få leke med andre, oppleve vennskap og lære å halde på vennar
Om barnet ditt ikkje kjenner seg trygg og som ein del av fellesskapet, må du melde frå til barnehagen. Du finn god informasjon om barn sine rettar, kva du skal sjå etter og kva du kan gjere på nettsida www.nullmobbing.no
Mobbeombodet kjenner barn sine rettar og kan fortelje deg korleis du skal gå fram om barnet ikkje har det trygt og godt i barnehagen. Det treng ikkje å vere mobbing før du kan ta kontakt med oss.
Dette kan mobbeombodet hjelpe med:
- svarar på spørsmål om barnehagemiljø og mobbing
- svarar på spørsmål om barn sine rettar knytt til barnehagemiljø
- tar imot informasjon om barnet ditt sine opplevingar i barnehagen
- gir støtte, råd og rettleiing i saker
- informerer om framgangsmåte ved melding til barnehagen eller til barnehagemynde
- kan hjelpe deg med å melde saken til barnehagen, barnehageeigar, barnehagemynde eller eventuelt til Fylkesmannen
- kan ta kontakt med styrar og/eller barnehageeigar for å diskutere saka di om du ønskjer det
- kan i nokre saker stille i møte med barnehagen saman med deg for å få svar på spørsmål som du har
- kan bidra til dialog når samarbeidet mellom heim og barnehage er vanskeleg
- gir deg informasjon om kor du kan vende deg om vi ikkje kan hjelpe deg
- kan bidra i førebyggande arbeid med informasjon og opplæring til foreldre, tilsette og andre
- snakkar alltid barn og unge si sak, passar på at barnet si stemme kjem fram og at kva som er best for barnet ligg til grunn i handtering av saker
All hjelp frå mobbeombodet er gratis og vi har teieplikt. Du kan vere anonym når du tar kontakt med oss.
Kontakt
Kristin Øksenvåg
Tlf. 71 28 04 33 / 91 14 02 59
E-post: mobbeombodet@mrfylke.no
Einar Engdal