Elev i grunnskole

Du skal ha det trygt og godt på skolen! Mobbeombodet veit kva rettar du har og kva som er lurt å gjere om du eller nokon du kjenner ikkje har det bra på skolen.

Mobbeombodet:

  • svarar på spørsmål som handlar om skulemiljø og mobbing
  • svarar på spørsmål om kva for rettar du har
  • gir råd om kva du kan gjere vidare
  • kan hjelpe deg med å snakke med rektor eller andre på skulen om du vil det
  • kan snakke med rektor om saka di
  • kan stille opp i møter saman med deg
  • gi deg informasjon om kor du kan få hjelp om vi ikkje kan hjelpe deg

All hjelp frå oss er gratis og vi har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje seier noko vidare utan at du vil det. Du kan vere anonym og treng ikkje å fortelje oss namnet ditt eller kva skule du går på når du tar kontakt med oss.

For deg som er foreldre til elev

Opplæringslova slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Om barnet ditt ikkje opplever å ha eit trygt og godt skulemiljø og/eller ikkje opplever å høyre til i fellesskapet, må du ta kontakt med skulen. Det må ikkje vere mobbing for at du kan melde ifrå. Uavhengig av kva som er årsaka til at barnet ditt ikkje trivst, skal dei vaksne på skulen hjelpe barnet ditt til å få det betre. Skolen har aktivitetsplikt.

Det treng heller ikkje vere mobbing for at du kan ta kontakt med mobbeombodet.

Mobbeombodet kjenner barn og unge sine rettar og kan rettleie deg om korleis du skal gå fram om barnet ditt eller eit anna barn ikkje har det bra på skulen, eller om klassemiljøet er utrygt.

Mobbeombodet:

  • svarar på spørsmål om psykososialt skolemiljø og mobbing
  • svarar på spørsmål om barnet ditt sine rettar knytt til trygt og godt skulemiljø
  • tar imot informasjon om barnet ditt sine opplevingar i skulen
  • gir støtte, råd og rettleiing i saker om utrygt skulemiljø
  • informerer om framgangsmåte ved melding om utrygt skulemiljø til skulen eller til Fylkesmannen og ev. hjelper deg med å melde
  • kan etter samtykke frå deg ta kontakt med rektor og/eller skuleeigar for å diskutere saka
  • kan i nokre saker stille i møte med skulen og andre saman med deg for å få svar på spørsmål som du har
  • kan bidra til dialog når samarbeidet mellom heim og skule er vanskeleg
  • gir deg informasjon om kor du kan vende deg om vi ikkje kan hjelpe deg
  • kan bidra i førebyggande arbeid med informasjon og opplæring til foreldre, tilsette og andre
  • snakkar alltid barn og unge si sak, passar på at barnet si stemme kjem fram og at kva som er best for barnet ligg til grunn i handtering av saker.

All hjelp frå mobbeombodet er gratis og vi har teieplikt. Du kan vere anonym når du tar kontakt med oss. 

Kontakt

Kristin Øksenvåg

Tlf.  71 28 04 33 /  91 14 02 59

E-post: mobbeombodet@mrfylke.no

Portrett av ei kvinne i dressjakke - Klikk for stort bilete Einar Engdal