Elev i vidaregåande skoleElev- og lærlingombodet er ein uavhengig ressursperson som skal vareta interessene og rettane til elevar og lærlingar i Møre og Romsdal. Ombodet har teieplikt, og er meint som eit gratis lågterskeltilbod til ungdommar i vidaregåande opplæring. Elev- og lærlingombodet kan hjelpe deg om du treng råd og hjelp om forhold som gjeld din opplæringssituasjon og dine rettar som elev i vidaregåande skole eller lærling. Ombodet kan vere ein diskusjonspartnar for deg, vise deg veg i systemet eller hjelpe deg med å ta saka di vidare. Du bestemmer kva hjelp du ønsker, og kor involvert du vil at ombodet skal vere. Hugs at ordninga med elev- og lærlingombod er gratis, og at ombodet har teieplikt. Ombodet tek ikkje saken din vidare utan at du har samtykka til det.KontaktSynne Strøm AstadTlf. 71 28 04 49 / 95 13 72 28E-post: elo@mrfylke.no Per-Kristian Bratteng