Studentombodet for fagskolestudentar er ei nøytral støtte for deg som er student. Dei gir deg råd og rettleiing i studiekvardagen din, er uavhengige og har teieplikt.
Studentombodet gir deg råd og rettleiing i saker knytt til studiesituasjonen din.
- Vi kan lytte og gi deg rettleiing.
- Vi kan hjelpe deg med å forstå rettane og pliktene dine som student.
- Vi kan rettleie deg i regelverket.
- Vi kan hjelpe deg dersom du har spørsmål knytt til saksbehandling.
- Vi kan gi deg råd dersom du skal skrive ei klage.
- Vi kan vere ei støtte ved konfliktar.
- Vi kan vise veg til rett instans dersom vi ikkje kan hjelpe deg.
Studentombodet skal fungere som eit supplement til dei andre systema og rutinane for rettleiing og oppfølging.
Les meir om studentombodet for fagskolestudentar på studentombudfagskole.no
Send e-post til studentombodet