Vidaregåande opplæring for vaksne - vaksenrett

Vaksne som ikkje har vitnemål frå vidaregåande opplæring, kan ha rett på gratis vaksenopplæring. Retten gjeld frå det året du fyller 25 år. 

Du må søke om å få vaksenretten på vigo.no.

Har du har fullført tre års vidaregåande opplæring, fått studiekompetanse, fag- eller sveinebrev eller anna yrkeskompetanse, så har du fullført vidaregåande opplæring og har ikkje rett til vaksenopplæring. Du har heller ikkje rett til vidaregåande opplæring om du har gjennomført tre års opplæring, men ikkje bestått i eit eller fleire fag. Kontakt ressurssenteret på næraste vidaregåande skole for meir informasjon.

Opplæring tilpassa realkompetansen 

Realkompetanse er den samla kompetansen og erfaringa du har frå skole, arbeid og samfunnsdeltaking. Du kan ta utdanning på kortare tid dersom du får godskrive tidlegare erfaring som realkompetanse. 

Det er ressurssenteret som gjennomfører realkompetansevurderinga. Dette skjer gjennom samtale, eigenvurdering og vurdering av tilsendt dokumentasjon. Deretter vil dei vurdere kompetansen din mot det læreplan i det aktuelle faget. På bakgrunn av dette vil du få eit kompetansebevis. 

Kostnad realkompetansevurdering

  • Dersom du har vaksenrett, eller blitt tilvist frå NAV eller kommunen, har du rett til få realkompetansen din vurdert gratis  
  • Har du ikkje vaksenrett kan du få realkompetansevurdering ved å betale for dette sjølv. (pris?)

Korleis foregår opplæring for vaksne? 

Undervisninga er fleksibel og tilpassa dine behov og realkompetanse. Det kan vere opplæring med standpunktkarakter eller støttekurs før privatisteksamen. Du kan ta enkeltfag eller heile utdanningsprogram. Ta kontakt med ressurssenteret på skolen du ønsker opplæring på for meir informasjon.

Tid og stad for undervisninga

Dei fleste vaksenopplæringstilboda er på kveldstid, men enkelte ressurssenter har og tilbod om opplæring på dagtid.  

Fjernundervisning

Opplæringa kan skje som fjernundervisning, med digitale samlingar og rettleiing kombinert med innlevering. Du kan be skolen eller ressurssenteret om å legge til rette for at du kan bruke digitale læremiddel i opplæringa.