Bestill nytt fagbrev eller duplikat av vitnemål/kompetansebevis
Det tek ca. 6 veker frå bestilling av nytt fagbrev, til det kjem i posten.
Har du nyleg tatt fagprøve, blir fagbrevet og dokumentasjon sendt til deg innan 4 veker etter praktisk prøve eller utløp av kontrakta di. Du treng ikkje bestille dette sjølv.
Det er ikkje mogleg å utstede digitalt fagbrev, men du kan sjå resultatet på prøva ved å laste ned og logge inn i “Vigo app for fagopplæring”.
Vitnemål og kompetansebevis
Alle lærlingar som har fullført og bestått fagopplæring får vitnemål. Læretida må vere avslutta og alle nødvendige fag bestått. Det er mogleg å søke om unntak frå bestått i eitt eller to fellesfag på visse vilkår.
Søknad om unntak frå bestått i inntil to fellesfag
Dersom du treng kopi av vitnemål frå vidaregåande skole kan du ta kontakt med skolen direkte.
Lærekandidatar får tilsendt eit kompetansebevis med oversikt over fullførte læreplanmål.
Vitnemål med generell studiekompetanse etter påbygg
Har du fullført og bestått påbygg etter at du fekk vitnemål for bestått fagopplæring i Møre og Romsdal? Då lagar vi vitnemål med generell studiekompetanse til deg. Vitnemålet sendes elektronisk til samordna opptak.
Har du tatt generell studiekompetanse som privatist etter fagopplæring og ønsker nytt vitnemål, må du ta kontakt med oss på e-post dokumentasjon@mrfylke.no
Engelsk vitnemål eller kompetansebevis
Dersom du har vitnemål eller kompetansebevis frå Kunnskapløftet kan du bestille vitnemål eller kompetansebevis på engelsk. Dette kan du bestille på e-post: dokumentasjon@mrfylke.no
Engelsk fag-/sveinebrev
Vi skriv ikkje ut fagbrev på engelsk. Men Europass sine fagbeskrivingar dekker ofte behovet når du skal søke arbeid i utlandet. Europass fagbeskrivelser (Certificate Supplement) gir informasjon om dei ulike fag- og yrkeskompetansene som den norske opplæringen fører fram til. Fagbeskrivelsane kan bidra til at kvalifikasjoner, kunnskaper og ferdigheiter blir betre forstått i Europa.
Meir informasjon om Europass finn du her.
Autorisasjon innan ambulanse- og helsefag
Fylkeskommunen søker om autorisasjon for deg som har fullført utdanning innan ambulanse- og helsefag. Du må gi samtykke til at fylkeskommunen kan søke om autorisasjon for deg.
Samtykke gir du ved å laste ned Vigo app for fagopplæring kor du logger på med ID-porten.
Du vil få ein epost frå Altinn med melding om å logge inn og betale eit gebyr. Du får ikkje purring om du ikkje betaler.
Har du ikkje betalt innan 60 dagar må du sjølv søke om autorisasjon på nytt og behandlingstida er inntil 3 månader. Du får ikkje melding om vedtak når gebyret er betalt, men må sjøl slå opp i helsepersonellregisteret.
Fagbevis i kortformat
Dersom du har fag-/sveinebrev og ønsker eit fagbevis i kortformat, kan du bestille dette ved å skrive ut skjemaet «Bestillingsskjema for fagbevis i kortformat». Følg anvisningane på skjemaet.
Bestillingsskjema for fagbevis i kortformat (PDF, 416 kB)