Innhaldet i prøva

Det er prøvenemnda som har ansvar for planlegging og gjennomføring av prøva. Lærebedrifta kan kome med forslag til arbeidsoppgåver. 

Fag-/sveineprøva er inndelt i fire ulike delar:

1. Planlegging av arbeidet og grunngjeving for løysingane du har valt

2. Gjennomføring av fagleg arbeid

3. Vurdering av eige arbeid

4. Dokumentasjon av eige arbeid

I planleggingsdelen skal du planlegge arbeidet ditt og grunngje løysningane du har valt. I gjennomføringsdelen skal du gjere eit praktisk arbeid. I eigenvurderingsdelen skal du reflektere over eige arbeid. Til slutt i prøva skal du dokumentere arbeidet ditt.

Du vil bli bedt om å framvise legitimasjon før oppstart av fag-/sveineprøva.

For fag- og sveineprøva skal alle kompetansemåla i læreplanen for faget kunne bli prøvd, og arbeidsoppgåvene skal fylle krava til fagleg kompetanse. For kompetanseprøven skal alle måla i den tilpassa læreplanen kunne bli prøvd.