Klage på fag-/sveineprøva

Alle prøver skal bli vurdert objektivt og rettferdig. 

Du kan få karakteren:

  • Bestått meget godt
  • Bestått
  • Ikkje-bestått

Du kan berre klage dersom du har fått resultat Ikkje-bestått. Klagefristen er tre veker frå du har mottatt brev frå fylkeskommunen med resultatet.

Du kan klage på to grunnlag:

  • formelle feil/ikkje faglege forhold
  • fagleg vurdering

Du kan ikkje sende inn oppmelding til ny prøve før klagen er ferdig behandla.

Klage på ikkje bestått fagprøve