Under prøva kan du bruke dei hjelpemidla du har brukt under læretida. Dersom du har behov for tilrettelegging under fagprøva kan du sende oss ein søknad.
Søknadskjema for tilrettelagt fagprøve (PDF, 173 kB)
Du må legge ved dokumentasjon frå sakkunnig instans (lege, PPT eller liknande). Det er viktig at du skriv kva for tilretteleggingsbehov du har.
Kva tilrettelegging du kan få
Eksempel på kva for tilrettelegging du kan få er forlenga tid, opplesing av oppgåve, munnleg høyring etter prøva. Tilrettelegginga skal ikkje vere så omfattande at du får fordelar framfor andre. Du skal kunne bli prøvd i heile læreplanen.