5 Avslutning av læretid
Oppmelding til fag-/sveineprøve eller kompetanseprøve
Lærebedrifta skal melde opp kandidaten til praktisk prøve. Prøva skal som hovudregel haldast før læretida er over, men ikkje tidlegare enn tre månader før. Kandidaten skal som hovudregel ta prøva i den lærebedrifta der dei har fått det meste av opplæringa. Prøva skal tilpassast verksemda i lærebedrifta.
Dersom ein lærekandidat skal gjennomføre kompetanseprøve, skal bedrifta melde opp kandidaten.
Ikkje bestått prøve
Dersom kandidaten ikkje består fag- eller sveineprøva ved første forsøk, har kandidaten rett til å bli meldt opp til ei ny prøve. Då skal lærebedrifta melde opp kandidaten. Fylkeskommunen dekker utgifter til 2. gongs prøve. Det er ikkje krav om tillegg i tid mellom prøvane.
Meir opplæring
Kandidatar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, kan ha rett til meir opplæring. Føremålet med meir opplæring er at dei skal få meir tid til å øve, slik at dei kan klare å bestå ei ny prøve. I dei fleste tilfelle er det ønskeleg at kandidaten får meir opplæring i den same lærebedrifta.