Samarbeidsorgan (opplæringskontor)

Samarbeidsorgan for lærebedrifter (tidlegare opplæringskontor) er eit samarbeid mellom verksemder om inntak og opplæring av lærlingar. Samarbeidsorgan kan vere kommunale, tverrfaglege, tilknytt bransje eller enkeltfag. 

Kvifor bli medlem av eit samarbeidsorgan?

Samarbeidsorganet kan bistå lærebedrifta med ulike oppgåver, som å

  • inngå lærekontraktar
  • motta tilskot
  • gjennomføre opplæring
  • følge opp lærlingen
  • rekruttere lærlingar
  • gjennomføre av yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Samarbeidsorganet kan også bidra til å sikre eit godt arbeids- og læringsmiljø for lærlingane, og hjelpe dei med å fullføre læretida.

Slik blir lærebedrifta medlem

  1. Kontakt eit samarbeidsorgan som er aktuelt for di bedrift. Sjå oversikt over godkjende samarbeidsorgan i Møre og Romsdal.
  2. Utarbeid ein skriftleg samarbeidsavtale mellom lærebedrifta og samarbeidsorganet. Avtalen skal definere kva for oppgåver organet skal utføre på vegne av lærebedrifta.

For samarbeidsorgan

Søk om å bli godkjent som samarbeidsorgan

Frå 1. august 2024 gjeld ny opplæringslov der opplæringskontora no blir kalla samarbeidsorgan for lærebedrifter. Opplæringskontor må derfor søke om godkjenning som samarbeidsorgan.

Krav til samarbeidsorgan

Samarbeidsorganet må vere godkjent av fylkeskommunen. Det inneber mellom anna at samarbeidsorganet skal rapportere til fylkeskommunen om kva bedrifter dei samarbeider med, kontraktar, planar og vurderingar, oppmelding, tilskot og utviklingsarbeid.

Fylkeskommunen gjennomfører dialogmøte med opplæringskontora kvart år for å kvalitetssikre opplæringa i bedrift. 

Søk om å bli godkjent som samarbeidsorgan