Bli lærebedrift

Å vere godkjend lærebedrift er eit kvalitetstempel og viser at bedrifta tar samfunnsansvar. Bedrifta får tilskot for opplæringa, og lærlingen kan bli den gode fagarbeidaren bedrifta di treng. 

Søk om å bli godkjent som lærebedrift

  1. For å bli bli godkjent lærebedrift, må du sende inn søknad. Saman med skjemaet må du sende inn kursbevis på at du har gjennomført e-læringskurs for nye lærebedrifter. Meir informasjon om e-læringskurset finn du her.
  2. Finn den lærlingen du ønsker 
  3. Skriv kontrakt med lærlingen
  4. Sett i gang

Søknad om godkjenning som lærebedrift (PDF, 234 kB)

Krav for å bli godkjent som lærebedrift

  • lærebedrifta må kunne gi opplæring i samsvar med opplæringslov og forskrift (læreplanar og andre føresegner).
  • Lærebedrifta skal ha ein eller fleire faglege kvalifiserte personar (faglege leiarar), som har ansvar for opplæringa.
  • Lærebedrifta skal ha ein eller fleire instruktørar (erfarne fagarbeidarar eller tilsvarande) som skal drive opplæring av lærlingane og lærekandidatane. I små bedrifter kan fagleg leiar og instruktør vere den same personen.
  • Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa som tilfredstiller krava i læreplanen.
     

Både private og offentlege verksemder kan bli godkjent som lærebedrift. Opplæringskontor og opplæringsringar, som er organ for samarbeid mellom bedrifter som i felleskap tek på seg opplæringsansvar, kan og godkjennast. For at eit opplæringskontor eller -ring skal få godkjenning, må dei enkelte medlemsbedriftene vere godkjende av fylkeskommunen.

Du kan lese mer i brosjyra om å bli godkjent som lærebedrift (PDF, 5 MB)