Kurs og webinar for lærebedrifter

For at du som arbeider med lærlingar skal vere godt rusta til å gi opplæring og følge opp lærlingane, tilbyr vi kurs og webinar for instruktørar og faglege leiarar.

Webinar for lærebedrifter

Vi tilbyr webinar med ulike tema. Har du forslag til tema kan du sende oss ein e-post til yrkesfag@mrfylke.no.

Webinar 5. desember - Stressmestring del 2, hvordan finne gode løsninger for å håndtere stress.

Neste webinar blir torsdag 5. desember klokka 10.00 - 11.00. Dette webinaret er en oppfølging av forrige webinar om stressmestring. Vi anbefaler at du ser opptaket av forrige webinar dersom du ikke deltok på det. Du finner opptak av forrige webinar i linken under. I forrige webinar om stressmestring ble det presentert informasjon som er nyttig for å regulere stress.

I del 2 vil vi gi deg kunnskap og verktøy for å finne gode løsninger og tiltak for å håndtere utfordringene lærlingen og lærebedriften opplever.

Meld deg på webinaret her

Opptak frå tidlegare webinar finn ved å trykke på linkane under:

2024:

Webinar om stressmestring 15. oktober 2024

Webinar om halvårssamtalen 12. juni 2024

Webinar om relasjonen til lærlingen 27. februar 2024

2023:

Webinar om Vigobedrift som arbeidsverktøy 12. september 2023

Webinar om oppstart av ny lærling 7. juni 2023

Webinar om fagfornyinga og tilskotsordningar 6. mars 2023

E-læringskurs

Vi tilbyr e-læringskurs til deg som er eller skal bli fagleg leiar eller instruktør for lærling i bedrift. Dette kurset er obligatorisk for nye faglege leiarar. Kurset er inndelt i 11 leksjonar, og inneheld nyttig informasjon om korleis du kan drive opplæring av lærlingar.

For å motta kurset på e-post må du registrere deg med namn og e-postadresse. Etter at du har gjennomført kurset vil du motta kursbevis på e-post.

Meld deg på e-læringskurset her

Fysiske kurs

Vi tilbyr fysiske kurs for faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter kvar haust i Kristiansund, Molde, Ålesund og Ulsteinvik. Kurset tar opp tema som planlegging av opplæringa, arbeid med læreplan og oppfølging av lærlingar. Instruktørane sitt bidrag til kvalitetsutvikling og vurdering i opplæringa er svært viktig for den faglege standarden på norske fagarbeidarar, og gjennom kurset kan dei bli tryggare i rolla si.

Kurset er gratis og påmelding til kursa blir lagt ut i kalenderen.

Kompetansepakkar

Utdanningsdirektoratet har utvikla kompetansepakkar for å støtte lærebedrifter med å ta i bruk nye læreplanar. Kompetansepakka består av ulike modular og følger lærlingløpet frå start til slutt. I tillegg til gjennomføring av oppgåver og aktivitetar kan du bruke kompetansepakken som eit oppslagsverk.

Kompetansepakkene finn du her