Opplæringskontor

Fleire bedrifter kan gå saman om å gi lærlingar og lærekandidatar læretid i bedrift. Bedrifter som organisere seg på denne måten, blir kalla eit opplæringskontor. Opplæringskontora eller opplæringsringane må vere godkjent av fylkeskommunen.

Fylkeskommunen gjennomførar dialogmøte med opplæringskontora kvart år for å kvalitetssikre oppæringa i bedrift. Du finn saksliste og rapportmal her. (PDF, 164 kB)

Her finn du ei oversikt over opplæringskontor i Møre og Romsdal

Samarbeidsorgan for lærebedrifter

Frå 1. august 2024 gjeld ny opplæringslov der opplæringskontora no blir kalla samarbeidsorgan for lærebedrifter. Opplæringskontor må derfor søke om godkjenning som samarbeidsorgan.

Søk her om godkjenning som samarbeidsorgan