2 Krav for å bli godkjent som lærebedrift
Aktivitet og utstyr
Lærebedrifta må ha aktivitet og utstyr så dei kan gi opplæring i samsvar med læreplanen i faget. Læreplanverket består av overordna del, fag- og timefordelinga og læreplaner i fag. Dette er forskrifter til opplæringslova og skal styre innhaldet i opplæringa. Bedrifta kan gi all opplæringa sjølv, eller ho kan oppfylle kravet ved avtale om at delar av opplæringa skal skje i ei anna lærebedrift. Dette må avtalast skriftleg i ein samarbeidsavtale. Ansvaret for opplæringa ligg hos den lærebedrifta som kontrakten om opplæring er inngått med.
Læreplaner for dei ulike faga ligg på Utdanningsdirektoratet sine sider
Fagleg leiar i lærebedrifta
Lærebedrifta skal ha ein eller fleire fagleg kvalifiserte personar som har ansvaret for opplæringa, og ein eller fleire instruktørar som gir opplæring. Faglege kvalifikasjonar kan vere relevant fag- eller sveinebrev, meisterbrev eller allsidig praksis i lærefaget. Fagleg leiar skal godkjennast av fylkeskommunen. Ved endring av fagleg leiar skal bedrifta søke om dette.
Fylkeskommunen arrangerer kurs og webinar for faglege leiarar og instruktørar i godkjente lærebedrifter. Det blir sendt ut invitasjon til desse.
Internkontroll
Lærebedrifta skal ha internkontroll for å sikre at opplæringa er i samsvar med opplæringslova og forskrift. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane. Sjekkliste for internkontrollskjema finn du her. I kontrakten om opplæring skal det oppgis namn på ein representant for dei tilsette. Denne skal, saman med den faglege leiaren, føre tilsyn i lærebedrifta med at opplæringsforholda er tilfredsstillande. Representanten kan være ein tillitsvald, verneombod eller ein person som tek på seg ei ”fadderrolle” overfor kandidaten.
Lærebedrifta skal informere fylkeskommunen dersom dei ikkje lenger kan oppfylle krava i opplæringslova. Fylkeskommunen skal ha informasjon dersom det er vesentlege utfordringar i dei enkelte læreforhalda.
Lengde på godkjenninga
Godkjenninga som lærebedrift fell bort to år etter at den siste kontrakten om opplæring er avslutta.