Retningslinjer for godkjenning av lærebedrift

3 Oppstart av læretid

Kontrakt om opplæring og arbeidsavtale

Ei lærebedrift skal skrive kontrakt om opplæring med ein kandidat før opplæringa tek til. Kandidaten skal også ha ein arbeidsavtale for perioden kandidaten er i lære.

Kontrakten om opplæring skal godkjennast av fylkeskommunen og kan berre endrast etter samtykke frå fylkeskommunen. Kontrakten gjeld frå datoen opplæringa tek til, sjølv om godkjenninga kjem seinare.

Lærebedrifta kan berre seie opp arbeidsavtalen dersom kontrakten om opplæring blir oppsagd eller heva etter § 7-3.

Kandidatar som inngår kontrakt om opplæring med full opplæring i bedrift, har 6 månader prøvetid.  

Når den avtalte læretida er over, er arbeidsforholdet over.  

Plan for opplæringa

Lærebedrifta skal lage ein plan som sikrar at kandidaten får opplæring i heile læreplanen, både den overordna delen og det fagspesifikke.  

Planen skal utarbeidast saman med kandidaten og vere kjent for dei som er involvert i opplæringa. 

Løn

Løn er ein avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Dersom bedrifta har tariffavtale har kandidaten rett til løn etter tariff. Spørsmål om løn kan rettast til partane i arbeidslivet. Ofte nyttast satsane 30% av fagarbeidarløn første halvår, 40 % andre, 50 % tredje og 80 % siste halvår.  

Arbeidstid

Kandidaten skal følgje normal arbeidstid for tilsette i lærebedrifta. Dersom kandidaten følger teoriopplæring samtidig med praktisk opplæring i bedrifta, skal arbeids- og skoletid til saman ikkje vere lengre enn arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar.  

Ved turnusarbeid og overtidsarbeid gjeld det same regelverket for dei med opplæring i bedrift som for andre arbeidstakarar. 

Tilskot

Lærebedrifta mottar tilskot for opplæringa etter satsar frå Utdanningsdirektoratet. Tilskotet blir utbetalt to gonger i året, for opplæringa som er gjennomført. 

Samarbeidsorgan for lærebedrifter

Lærebedrifter som er tilknytt eit samarbeidsorgan kan avtale at samarbeidsorganet inngår lærekontrakt og mottar tilskot på vegne av lærebedrifta. Samarbeidsorganet kan hjelpe med opplæring og oppfølging av kandidaten.