Rettar og plikter

Som lærling eller lærekandidat har du har dei same rettane som dei andre i bedrifta di. I tillegg har du andre rettar som går på opplæringa di.

Dine rettar som lærling eller lærekandidat

  • Du skal ha ein arbeidsavtale og ein godkjent lære-/opplæringskontrakt. I arbeidsavtalen skal det stå informasjon om løn og arbeidstid. Arbeidsavtalen skal ha same varighet som lærekontrakten. 
  • Du har rett til opplæring etter gjeldande læreplan. Opplæringa skal bli tilpassa. Lærebedrifta skal ha ei intern opplæringsplan med oversikt over tidfesta arbeidsoppgåver knytt til kompetansemåla i læreplanen, og kven som er ansvarleg for opplæringa.
  • Du har rett på vurdering og rettleiing undervegs i læretida di
  • Du har rett på ein halvårssamtale kvart halvår. I samtalen skal du få delta i planlegging av eiga opplæring og få rettleiing i korleis du kan utvikle deg vidare.
  • Du har rett på eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for trakassering og mobbing. Les meir om dette på plakat for førebygging av seksuell trakassering (PDF, 68 kB). Dersom du opplever utfordringar i læretida kan du snakke med nokon i bedrifta eller i opplæringskontoret dersom lærebedrifta er knytt til eit opplæringskontor. Du kan også kontakte fagrådgivarane i fylkeskommunen for å få hjelp til å løyse utfordringane. 
  • Du skal bli meldt opp til fagprøve før læretida er ferdig. Dette skal lærebedrifta gjere. Dersom du er lærekandidat kan du gå opp til avsluttande kompetanseprøve.

Dine plikter som lærling eller lærekandidat

For lærlingar

  • Du må gjere deg godt kjent med læreplanen i faget ditt
  • Du må følge reglene i bedrifta og gjere deg kjent med rutinene
  • Du må møte presis på arbeid
  • Du må vere aktiv og vise engasjement for å lære
  • Du må sjå til at manglande eller ikkje beståtte fag er bestått før du skal opp til fagprøve.
  • Du må planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid gjennom læretida. 

For lærekandidatar

  • Du må gjere deg godt kjent med din eigen tilpassa opplæringsplan
  • Du må følge reglene i bedrifta og gjere deg kjent med rutinene
  • Du må møte presis på arbeid
  • Du må vere aktiv og vise engasjement for å lære

Ta avsluttande prøve

På slutten av læretida skal lærebedrifta melde opp lærlingar til fag-/sveineprøva. Lærekandidatar kan gå opp til kompetanseprøve. Ei kompetanseprøve er ei tilpassa prøve som blir laga med utgangspunkt i dei læreplanmåla lærekandidaten har fått opplæring i under læretida, og dei arbeidsoppgåvene lærekandidaten er kjent med. Kompetanseprøva skal legge til rette for meistring for lærekandidaten.

Les meir om fag-, sveine- og kompetanseprøve her 

Lærlingsamlingar

Fylkeskommunen inviterar alle lærlingar til samling. Samling for førsteårslærlingar blir gjennomført på hausten og samling for andreårslærlingar blir gjennomført på vinteren. Du vil motta invitasjon, og lærebedrifta di får også informasjon om samlingane. 

Tema på samlingane er:

  • plikter og rettar som lærling
  • arbeidstid og læretid
  • intern opplæringsplan
  • halvårsvurdering
  • fag - og sveineprøve

Du kan lese meir om samlingane her

E-læringskurs for nye lærlingar og lærekandidatar

Vi tilbyr e-læringskurs til deg som er ny som lærling eller lærekandidat. Kurset er inndelt i 11 leksjonar, og inneheld nyttig informasjon om læretida.

For å motta kurset på e-post må du registrere deg med namn og e-postadresse. Etter at du har gjennomført kurset får du kursbevis på e-post.

Gjennomfør e-læringskurset