Samlingar og webinar

Vi arrangerar samling for 1. års og 2. års lærlingar kvart år.  På samling for 1. års lærlingar er det fokus på rettar og plikter i læreforholdet, og på samling for 2. års lærlinger er det fokus på gjennomføring av fagprøva. 

Webinar for 1. års lærlingar

1. oktober 2024 gjennomførte vi webinar for nye lærlingar. Kva må du som lærling tenke på for å stå med fagbrevet i handa når læretida er over? Det var tema på webinaret der lærlingane fekk informasjon om oppstart i bedrift, rettar og plikter, fagprøve og kven du kan kontakte ved utfordringar i læretida. Opptak frå webinaret finn du ved å trykke på linken under:

Webinar om oppstart i bedrift for 1. års lærlingar 1. oktober 2024

Webinar for 2. års lærlingar

I 2025 gjennomførte vi webinar for 2. års lærlingar om førebuing og gjennomføring av fagprøva. Opptak frå webinaret finn du ved å trykke på linken under:

Opptak frå webinar 13. mars 2025