4 Fråver
                        Ein del utfordringar kjem til uttrykk gjennom høgt fråver.  
Korleis kan lærlingen sitt fråvær utarte seg? 
- Manglande fagleg utvikling eller mangel på motivasjon kan utarte seg til fråver.
 - Fråveret startar ofte i det små før det utviklar seg til meir omfattande fråver.
 - Lærlingen prøver å unngå enkelte situasjonar eller arbeidsoppgåver og møter derfor ikkje på jobb.
 - Lærlingen kan ha utfordringar med å starte på jobb etter langvarig sjukdom eller feriar. 
 
Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 
- Følg stega i fylkeskommunen si rutine for “Fare for heving”  
 - Ta initiativ tidleg til ein samtale med lærlingen dersom du mistenker utvikling av bekymringsfullt fråvær. Du kan også be om lærlingen sin tillatelse til å få snakke med foreldra/føresette dersom du tenker det er hensiktsmessig.  Bruk tipsa om korleis du gjennomfører den gode samtalen.
 - Utelukk mobbing, trakassering eller utrygt miljø. Ver merksam på at lærlingen ofte ikkje vil fortelje om dette. 
 - Signaliser at lærlingen er ønska på jobb, gjennom å regelmessig sende SMS og ringe. Det er fint om også andre kollegar og/eller leiar også tar kontakt.
 - Ha regelmessige samtalar med lærlingen om dagen eller veka som har gått, og gjennomgang av neste dag/veke.
 - Avtal ein «trygg stad», til dømes eit pauserom, som lærlingen kan trekkje seg tilbake til ved behov, som eit alternativ til å dra heim.
 - Hjelp lærlingen med å få og utvikle gode relasjonar på arbeidsplassen.
 - Trygg lærlingen i overgangssituasjonar.  
 - Dersom lærlingen er borte frå arbeid utan å varsle må du ta kontakt med lærlingen. Finn ut om det er sjukdom eller noko anna. Vis interesse, og ver litt «på». Dess lengre fråværet er, dess vanskelegare er det å kome tilbake til arbeid.
 - Ta kontakt med opplæringskontor eller rådgivar ved seksjon opplæring i bedrift dersom tiltaka ikkje fungerer innan kort tid.