Ansvarsområde til prøvenemnda

Prøvenemnda har ansvaret for å lage og vurdere fag- og sveineprøver, og blir oppnemnt og administrert av fylkeskommunen.

Prøvenemnda blir oppnemnt for fire år om gongen, og er dei som skal vurdere fag-/sveineprøva. Prøvenemnda skal sette seg godt inn i læreplanar og retningsliner for faget. Prøvenemndene fungerer også som yrkesutval. Dei kan mellom anna bistå fylkeskommunen i spørsmål om godkjenning av lærebedrifter og vurdering av praksis for praksiskandidatar.

Opplæringslova regulerer rettane og pliktene til prøvenemndene.

Bli med i prøvenemnda

Som prøvenemnd har du eit viktig ansvar i fag- og yrkesopplæringa ved å bidra til at samfunnet får gode fagarbeidarar. Å vere prøvenemnd er eit offentleg verv, og følger Fylkestingsperioden på fire år. Nemnda er eit forvaltningsorgan med krav til habilitet og teieplikt etter Forvaltningslova. Som prøvenemnd har du rett til permisjon frå arbeid i det omfanget som er nødvendig for å oppfylle lovbestemt møteplikt i det offentlege vervet.

Medlemmar til prøvenemnda blir foreslått av arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane, og blir oppnemnt av fylkeskommunen.

Om du er interessert eller kjenner nokon som er interessert i å vere prøvenemnd kan du sende oss ein e-post til yrkesfag@mrfylke.no med namn og kva fag det gjeld.