Kva gjer ei prøvenemnd?
Prøvenemnda har ansvar for å lage og vurdere fag- og sveineprøver. Nemnda skal sette seg godt inn i læreplanar og retningsliner for faget.
Prøvenemndene fungerer også som yrkesutval. Dei kan mellom anna bistå fylkeskommunen i spørsmål om godkjenning av lærebedrifter og vurdering av praksis for praksiskandidatar.
Prøvenemnda blir oppnemnt for fire år om gongen. Som prøvenemnd har du rett til permisjon frå arbeid i det omfanget som er nødvendig for å oppfylle lovbestemt møteplikt i det offentlege vervet.
Kven kan bli medlem?
Som prøvenemndsmedlem må du
- ha fagbrev/sveinebrev eller ha jobba minst 5 år i faget
- sjølv vere aktiv utøvar av faget
- kjenne til læreplanen for det aktuelle faget, og verdiar og prinsipp for grunnopplæringa
- gjennomføre fylkeskommunen si opplæring for prøvenemnder og ha tileigna deg vurderingsfagleg kompetanse
- ha tilgang til PC og ha generelle digitale ferdigheiter i bruk av kontorstøttesystem (Outlook, Word, Excel, Teams)
- beherske norsk som språk, både skriftleg og munnleg kommunikasjon
Fylkeskommunen gjer vurderingar etter kriteria over og ut frå samansettinga av nemnda, bustadsadresse, verkeområdet til nemnda og nemndsmedlemmene sin alder.
Oppnemning av medlemmer
Medlemmar til prøvenemnda blir foreslått av arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane, og blir oppnemnt av fylkeskommunen. Dei som blir oppnemnt skal så utøve eit offentleg verv i fire år om gongen.
Om du er interessert eller kjenner nokon som er interessert i å vere prøvenemnd kan du sende oss ein e-post til yrkesfag@mrfylke.no med namn og kva fag det gjeld.