Gjennomføre og vurdere prøva

Prøvenemnda skal planlegge, gjennomføre og vurdere prøva.

Planlegge prøva

Før prøva må prøvenemnda vurdere sin habilitet. Prøva blir som regel gjennomført i bedrifta der kandidaten har hatt opplæring, eller eventuelt på ein prøvestasjon. Praksiskandidatar må sjølv finne prøvestad, men det er vanlegvis på arbeidsstaden.

Prøva skal som hovudregel bli gjennomført før læretida er ferdig, og ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er ferdig. Praksiskandidatar kan gjennomføre prøva etter avtale med prøvenemnda sidan dei ikkje har læretid.

Når koordinator i prøvenemnda mottar godkjent oppmelding fordelar koordinatoren prøva i nemnda. Leiar på prøva vil då så raskt som mogleg ta kontakt med lærebedrift og kandidat for å avtale tidspunkt. Prøvenemnda sender stadfesting av tidspunkt for gjennomføring av prøva, og anna informasjon som er relevant for prøva i faget. Om behov kan prøvenemnda besøke lærebedrifta i forkant av prøva. Så snart prøvedato er avtalt legg leiar inn prøvedato i Vigo Bedrift.

Prøva består av fire delar:

  1. Planlegging
  2. Gjennomføring
  3. Egenvurdering
  4. Dokumentasjon

Prøvenemnda bestemmer innhaldet i prøva, men lærebedrifta kan kome med forslag. Kandidatane kan bli testa i alle kompetansemåla i læreplanen, med unntak av lærekandidatar og praksisbrevkandidatar som berre skal bli prøvd ut i utvalte kompetansemål.

Prøvenemnda skal bruke mal for fagprøve:

Mal for fagprøve på nynorsk (DOCX, 59 kB)

Mal for fagprøve på bokmål (DOCX, 60 kB)

 

Gjennomføre prøva

Prøva skal starte med eit møte mellom kandidaten og heile prøvenemnda. Prøvnemnda skal sikre at kandidaten har forstått oppgåva, og kandidaten må få høve til å stille oppklarande spørsmål. Møtet skal normalt haldast på prøvestaden, men kan gjennomførast digitalt dersom prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen og kandidaten finn at det er forsvarleg. Heile prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøveslutt.

Prøvenemnda skal observere kandidaten i arbeidet for å få eit godt vurderingsgrunnlag. Observasjonar, vurderingar og kandidaten sitt arbeid utgjer prøveprotokollen. Denne dokumentasjonen må vere utfyllande i tilfelle kandidaten klagar på prøva.

 

Vurdere prøva

Alle prøver skal bli vurdert objektivt og rettferdig, så det er viktig at du bruker vurderingskriterier i vurderinga. Leiar og medlem i prøvenemnda skal vere tilstades når kandidaten skal få resultatet. Kandidaten kan få karakteren:

  • Bestått meget godt
  • Bestått
  • Ikkje-bestått

Bruk mal for førebels melding om resultat på praktisk prøve (DOCX, 63 kB)

Om kandidaten ikkje består prøva, bør prøvenemnda forklare kva kandidaten må trene meir på til neste gong. Prøvenemnda legg inn resultatet på prøva i Vigo Bedrift, og legg ved dokumentasjon dersom prøva ikkje er bestått. Følgjande dokumentasjon skal leggjast ved:

Du kan lese meir om korleis prøvenemnda lagar og vurderar fag-/sveineprøver på Udir sine heimesider.