Retningsliner - uønskt seksuell merksemd

3 Førebygging av seksuell trakassering

Arbeidsgivar har det overordna ansvaret for at arbeidsmiljøet er trygt. Det inneber å organisere, leie og legge til rette arbeidet slik at arbeidstakarar ikkje blir utsette for seksuell trakassering. Dersom nokon likevel skulle bli utsette for seksuell trakassering, har arbeidsgivar ansvar for å handtere saka.

Arbeidsgivar har ansvar for å kartlegge og risikovurdere forhold som kan føre til seksuell trakassering. Spesielt i yrker der det er ubalanse i kjønnsfordelinga bør ein vere ekstra merksam på risiko for seksuell trakassering. På bakgrunn av risikovurderinga skal arbeidsgivar gjere dei tiltaka som trengs for å redusere risiko for seksuell trakassering. 

Det kan mellom anna vere:

  • Ha dette som tema jamleg og lag køyrereglar. Snakk om kva som er greit og ikkje greit, og kva som er humor og kva som bikkar over til trakassering.
  • Snakk om dette før lærlingen startar i bedrifta, og ta ein ekstra runde før sosiale tilstelningar på jobb, som til dømes julebord.
  • Gi informasjon og opplæring til dei tilsette om korleis dei kan handtere situasjonar med seksuell trakassering. Fagleg ansvarleg for lærlingen bør ha eit ekstra ansvar for dette.
  • Informere om korleis tilsette kan seie ifrå dersom dei blir utsett for seksuell trakassering, ha tydelege varslingsrutinar. Dette bør lærlingen bli informert om på oppstartssamtale, og det bør og vere tema på halvårssamtalen som lærlingen har krav på.

Som ein del av førebygginga er det viktig at leiinga i bedrifta er tydeleg på at ingen form for trakassering blir tolerert.

Det er viktig å vere merksam på maktforholdet mellom kandidaten og dei andre tilsette. Alle har eit ansvar for å førebygge, hindre og fange opp seksuell trakassering.