1 Formål og lovgrunnlag
Formålet med retningslinene er å førebygge, forhindre og fange opp seksuell trakassering.
Alle med opplæring i bedrift er arbeidstakarar i bedrifta, med dei rettar og plikter som følger av lov og tariffavtalar. Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læringsmiljø, jf. § 7-10 i opplæringslova. Tilsette pliktar å medverke ved gjennomføring av tiltak som blir satt i verk for å skape eit trygt arbeidsmiljø, jf. arbeidsmiljølova § 2-3.
Alle med opplæring i bedrift har rett på eit arbeidsmiljø fritt for mobbing og trakassering, også seksuell trakassering. Seksuell trakassering er forbode, jf. likestillings- og diskrimineringsloven § 13. Vern mot mobbing er regulert av arbeidsmiljølova §§ 4-1 -til 4-3.